Svar fra Ottar Grepstad

 

Etter at Ottar Grepstad hadde et meget kritisk innlegg om Agderforsknings rapport om regionalfordelingen av kulturmidler i DN 1. juli i år, svarte forskerne våre på tiltale i DN 8. juli. Ottar Grepstad ga igjen et tilsvar på dette i DN 10. juli. Dette er referert her.

Referert fra papirutgaven av Dagens Næringsliv 10. juli:

"I DN 8. juli møter Helge Røed & co. kritikken mot rapporten "Kulturen i det regionale Noreg" med å vise til at halvparten av midlane frå Norsk kulturråd i åra 2001-2007 gjekk til Oslo og Akershus. Som rådsmedlem i Norsk kulturråd har eg då mykje å svare for, skriv det, så kva vil eg gjere med dette?

Takk som spør, men ver gjerne presis. Som rådsmedlem frå 2005 er eg utan ansvar for åra 2001-2004. Det er då heller ikkje Norsk kulturråd som er problemet. Nær 50 prosent av dei som arbeider med kunst og kultur, held til i hovudstadsområdet, om vi kan tru rapporten frå Røed og co. At Norsk kulturråd satsar ein tilvarande del av sine kunstnarretta midlar i desse miljøa, er ikkje urimeleg.

Likevel har rådet jamleg drøfta regional profil og satsingar utanfor Osloområdet. Vi har leita fram støtteverdige prosjekt rundt om i landet, sett kva fylke som var særleg utsette, og merka oss kor fråverande Oslo kommune var i mange prosjektbudsjett. Gong på gong løyvde vi midlar til fine Osloprosjekt under føresetnad av at også kommunen satsa. Vi ville ikkje bruke statlege midlar til å bøte på lokalpolitiske tenesteforsømingar.
Norsk kulturråd må gjere sitt, men kan av fleire grunnar utrette lite på eiga hand. Rådet forvaltar ein mykje mindre del av statlege kulturmidlar enn før. Frårekna innkjøpsordningane for litteratur og musikk sit vi att med noko under enn 300 millionar kroner i år mindre enn fem prosent av det statlege kulturbudjettet. Då er det strukturar som må endrast, ikkje èin budsjettpost.

Norsk kulturråd skal finaniere tidsavgrensa prosjekt, ikkje permanent drift. Ein del slike prosjekt kan utviklast til varige tiltak, og dei siste åra har dette særleg kome biletkunst og musikk til gode fleire stader utanfor Oslo. Å etablere nye institusjonar og få til arenaer som kan hyse meir permanente miljø utanfor hovudstaden, verkar over tid betre regionalt enn prosjektstøtte gjer.

Norsk kulturråd skal alltid vurdere prosjekt og tiltak ut frå kvalitet. Det skjer ikkje i eit kulturpolitisk tomrom, og det gjeld å vere lydhøyr for fleire typar kvalitetsforståingar enn dei som driv gatelangs i Oslo. Her håpar eg Agder-rapporten i korrigert form set krokfot på dei som trudde at no skal kunstfagleg skjønn fristillast frå all kulturpolitisk kløkt. Det kan gjerne skje på årskonferansen om lokalt kulturliv i endring som Norsk kulturråd arrangerer i Arendal i november".

av Ottar Grepstad

Agderforskning AS   |   Gimlemoen 19   |   N-4630 Kristiansand S   |   +47 480 10 520
Copyright 2008 - 2010

Design & development:
Barlind Solutions AS